Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond bommar aldri på straffespark

Me hadde tidlegare i haust ein artikkel om årets straffesparkstatistikk for VIL-fotball. Den synte at me i år fekk 7 straffar der samtlege av desse resulterte i mål. No har me i Veitastrond.com teke eit større djupdykk i arkivet vårt, og det me fann ut tykkjer me er gansek så interessant. Visste du nemleg at sidan oppstarten i 2004 har Veitastrond endå ikkje bomma ein einaste gong frå krittmerket. Me har sett nærmare på denne statistikken, og dermed og satt eit aldri så lite press på Veitastrond sin neste straffeskyttar.

Til saman har me på 5 sesongar og 72 kampar fått tildelt i alt 19 straffespark. Dvs at me spelar nesten 4 kampar mellom kvar gong dommaren gjer oss sjansen frå 11-meteren. Dette er ikkje eit så veldig høgt snitt, men med fare for å gjenta oss sjølve så er ikkje det så rart når dommarstanden i fylket ser ut til å hata Veitastrond Fotball...

Richard Nes er den som har satt inn flest straffar med sine 8 straffemål, bak han kjem Frank Heggestad som står med 4 straffemål.

Til saman har 7 spelarar satt inn straffar opp igjennom åra, der me kanskje hugsar aller best straffen som Øystein Heggestad satte inn i heimekampen mot Hafslo i 2007. Denne kampen tapte VIL heile 1-9, men når Øystein fekk denne scoringa var det eit stort plaster på såret for alle i VIL-leiren.

Når Veitastrond alltid har scora på straffane sine kan ein kanskje spørja seg kvifor ein i det heile har bytta på fast straffetakar. Frank Heggestad hadde dette ansvaret i 2005-06 og scora sjølvsagt alltid. Når han trappa ned i 2007 tok Bjørn Molland over roret og heller ikkje han bomma. Det skal og seiast at sjølv om Bjørn hadde ansvaret dette året tok han berre 1 av 4 straffar då det alltid var nokon andre som "masa" seg til å ta straffen. I 2008 var ikkje Bjørn med når VIL fekk sin fyrste straffe for året og då steppa Richard Nes inn. Sidan den gong har han vore fast og sikkert straffetakar for Veitastrond.

I 2004 fekk me etter det me kan sjå ikkje tildelt eit einaste straffespark i kampsituasjon. Likevel scora me på 2 stk som me fekk før kampen mot Kaupanger i Firda Cupen (1 straffe pr. divisjonsskilnad). 2008 er det året me har fått desidert flest straffar med 7 noko som er mykje takka vera årets toppscorar Frode Kvam som har skaffa oss i alt 6 av desse 7 straffane.

Oversikt over kven som har scora sesong for sesong;

 
2004 Mål

Emil Heggestad

1   
Geir Aardal 1
2005
Frank Heggestad 2
2006
Frank Heggestad 2
Geir Aardal 1
Richard Nes 1
2007
Bjørn Molland 1
Geir Aardal 1
Gøran Fimreite 1
Øystein Heggestad 1
2008
Richard Nes 7
SUM 19

 

* Veitastrond.com tek som vanleg forbeholda om at våre statistikkar kan innhalda feil. Dersom nok meinar me har utegløymt nokon straffar, eller endå verre meinar at me faktisk har bomma på straffer nokon gong, så vil me gjerna ha ein tilbakemelding på dette.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com