Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond sine dommarar held framleis standen

Medan fotballaget til Veitastrond i år har gått sin sigersgang igjennom 5.divisjon og profilert seg høgt både på nett og media, har me og to stk i klubben som gjer ein framifrå innsats på bana utan å få den samme oppmerksomheten. Dette er Frank- og Emil Heggestad som også i år har vore Veitastrond sine representantar i svart. I fjor var som kjendt Frank dommar for fullt, men etter at han valgte å gjera comeback som spelar har det naturlegvis vorte litt mindre dømming. Likevel har dei begge gjort ein kjempe innsats for klubben denne sesongen.

Det var før sesongen 2007 at Frank og Emil gjennomførte dommarkurs, og valgte å representera klubben i svart. Hovudgrunnen til dette var for å spara klubben for bota som fotballkretsen gjer til dei klubbane som ikkje kan stilla med eigne dommarar. I tillegg er det nokre grunkar å tjena på dømming samt at dei to og finn det givande å vera kampleiar.

Spesielt Frank satsa i fjor tungt på dømming, og han var å sjå regelmessigt som hovuddommar i 5. og 6.div + på aldersbestemt. I tillegg stod han og mykje på linja i 3. og 4.divisjon. Dette hadde han nok haldt fram med hadde det ikkje vore for at freistinga til å spela sjølv vart for stor, og det er grunn til å tru at han etterkvart ville fått prøvd seg som hovuddomar både i 3. og 4.divisjon.

Ikkje lagt på hylla

I år har det berre vorte enkelte kampar på dei. Når ein spelar sjølv vert det vanskeleg å kombinera dette med dømming og familieliv, og Frank enda difor i år på ein 6-7 kampar medan Emil fekk med seg 3-4 kampar. Det gjekk i år mest i aldersbestemt fotball, men Frank var og innom nokre kampar i 6.div samt ein kamp på linja i 3.div.

Trass i ein magert dommarår så ser Frank føre seg ein større karriere i svart seinare;

"Dommarkarriera mi er så absolutt ikkje lagt på hylla nei. Diverre vert det vanskeleg å kombinera pipeblåsing med speling, men eg reknar med at når eg legg fotballskoa på hylla om ein 4-5 år så kjem eg nok til å ta fram fløyta for fullt igjen. Eg fekk med meg mange positive opplevingar som dommar i fjor, og eg er overbevist om at potensialet mitt er der og eg ser eigentleg ingen begrensingar på kor langt eg kan gå. Som eg har sagt før så har eg spesialkompetanse på korleis eg skal handtera vanskelege situasjonar og spesielt då hissigproppar. Dette kombinert med at eg har over snittet peiling på fotball gjer til at eg har alle forutsetningar for å bli ein framifrå dommar."

Medan Frank ser for seg ei lysande dommarkarriere er vår andre dommar Emil ikkje fullt så ivrig;

"Nei altså, me får no sjå om det vert noko dømming neste år og. Det er ikkje alltid heilt det stor spør du meg, men klart det kan vera moro å dømma aldersbestemt å sjå korleis engasjementet er på dette nivået. Trur og det er kjekt for dei å bli leia av ein sopass profilert spelar som meg sjølv, heilt sikkert på at det gjer dei ganske mykje..jhaa"

Veitastrond Fotball takkar dei to for årets innsats og vonar de vil representera klubben i svart neste år og!

Vonar me slepp bot

Dagens reglement seier at klubbane unngår bot dersom deira representantar dømmer 12 kampar eller meir.

I år har me dømt ca 10 kampar, og har såleis ikkje oppfylt krava. Likevel håpar me at kretsen vil skåna oss for bota på ca 2.000,- då me til å vera ein så liten klubb er usedvanleg godt skodd med 2 dommarar. Det meste tyder og på at me kjem til å stilla med liknande dømming neste år, men dersom me får bot i år lyt me sjølvsagt vurdera om det er verdt det.

...men me er sjølvsagt inneforstått med at eit reglement er eit reglement.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com