Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Veitastrond klare for Kretsmeisterskapet

1.desember er det klart for innandørs KM i fotball. Turneringa går av stabelen i Sognahallen, og arrangør er Sogndal Fotball. VIL-fotball er naturlegvis med i det gode selskap, og har meldt på to lag.

I helga hadde me ein ringerunde for å finna ut kven av spelarane som hadde lyst å vera med. Interessa var mildt sagt stor, og til saman har 20 mann meldt seg til teneste. Dette er;

  • Even Kvam
  • Gøran Fimreite
  • Øyvind Lien
  • Richard Nes
  • Øystein Heggestad
  • Øivind Kristiansen
  • Petter Fagerli
  • Geir Aardal
  • Ole Kristian Vikheim
  • Vidar Vadseth
  • Kim Andre Navarsete
  • Bjørn Molland
  • Ivar Melby
  • Arvid Heggestad
  • Emil Heggestad
  • Helge Skjælaaen
  • Jan Erik Bøyum
  • Frank Heggestad (usikker)
  • Arne Nes (usikker)
  • Kurt Heggestad (om han får tillatelse ifrå kretsen)

Dei einaste som faktisk ikkje vert med er Jon Arne Fimreite, Gaute Olstad og Erlend Siem.

Det vert spelt på 3 baner i Storhallen, der ei er tilgjengeleg som oppvarmingsbane. På bana skal det vera 4 spelarar + keeper, og det er mogleg å ha 11 spelarar i troppen.

I dagens Sogn Avis var det lista opp ein 20-25 lag som var påmelde. Blant desse finne me blant anna Sogndal (4 lag), Fjøra (2 lag), Førde (3 lag), Kaupanger, Stryn og Florø. Fristen for å melda seg på er i dag. Sannsynlegvis vil dette vera ein glimrande sjanse for oss å spela mot lag me sjeldan møter, og me får måla krefter mot dei beste i fylket.

Vinnarlaget vil stikka av med 5000,- medan sølvplass gjer 3000,-. Med 2 lag påmelde har VIL-fotball dermed valt å budsjettera KM-festen vår med 8000 NOK. Desse vil i hovudsak gå til forfriskingar til slitne spelarar.

Me kjem tilbake seinare med oppsett av grupper og kampprogram.

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com