Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Veitastrond med hederleg innsats i KM

Begge dei to laga til Veitastrond gjorde sine saker bra i dagens KM, men det lukkast likevel ingen av laga å gå vidare ifrå gruppespelet. Begge laga hadde sjansen til avansement med siger i deira siste kampar, men VIL1 klarde kun uavgjort medan 2.laget tapte 0-1. Dermed vart det så tidleg exit som muleg, om ein då kan kalla exit kl 16:30 på ein laurdag for tidleg...  

Veitastrond 1

Laget bestod av; Gøran, Øivind, Helge, Øyvind, Øystein, Kim Andre, Petter og Arne.

Opprinneleg var dei i gruppe med Fjøra1, Gaular, Gaular2, Jølster1 og Førde3. Sidan Førde3 valde å trekka laget sitt så havna dei i den einaste gruppa med 4 lag, og dei måtte då igjennom 3 kampar på 18 minutt i staden for 4 kampar på 13 min som dei andre laga hadde.

VIL1 - Fjøra1 1-3 (Emil

* ein jamnspeld opningskamp som lenge stod 0-0, men Fjøra satte inn eit ekstra gear på slutten, og reduseringa til Emil vart ei mager trøyst for Veitastrond.

VIL1 - Gaular2 6-0 (Emil x3, Arne x2, Kim Andre)

* Masseslakt av Gaular2. Anført av ein glitrande Emil så valsa dei over Gaular i samtlege 13 min (dommaren var ikkje klar over at kampen skulle vara i 18 min, og det skal nok Gaular vera glad for). Verdt å merka seg at Arne tok turen ned ifrå jobb på idrettssenteret til denne kampen. Han kom inn som innbyttar, putta 2 mål og reiste før kampen var slutt. Bakerst var Kim Andre strålande, og han viste heile turneriga igjennom ei herleg attitude som me veldig gjerne vil ha i VIL-fotball.

VIL1 - Jølster 1 1-1 (Helge)

* Ein kamp som VIL måtte vinna for å gå vidare. VIL hadde ballen mest, men sleit med å skapa dei store sjansane. Jølster kontra inn leiing, men Helge utlikna for VIL på eit nydeleg soloraid.

Sidan Jølster1 klarde uavgjort 3-3 mot Fjøra1 i siste kamp så gjekk dei vidare på bekostning av VIL med eit poeng meir. Meget synd for 1.laget som til tider varta opp med festspel. Skal ikkje sjå bort ifrå at dei hadde gått vidare som beste 3`ar om det hade vore 5 lag i gruppa.

Veitastrond 2

Laget bestod av; Ole Kristian, Even, Arvid, Frank, Ivar, Bjørn, Erlend, Jan Erik og Richard.

VIL2 - Årdal 0-2

* Mot det som var gruppas antatt beste lag holdt ikkje 2.laget vårt heilt inn. Årdal hadde det meste av spelet og dei fleste sjansane, og var nær scoring då Ole Kristian på ein nydeleg fotparade redda straffespark midtveges. VIL hadde eit par feite sjansar på kontring, og blant anna heada Richard i stolpen. 2 min før slutt fekk imidlertid Årdal hol på byllen, og like etter punkterte dei kampen til 2-0.

VIL2 - Sogndal 4 2-1 (Even, Richard)

* Mot gruppas antatt svakaste lag tok VIL ein oppskriftsmessig 2-1 siger. Even putta fyrst då han liggande på bakken fekk til eit skot som gjekk rett i kassa, og like etterpå scora Richard åleine med keeper. VIL hadde plenty sjansar, men sløste ein del utover i kampen. SIL reduserte mot slutten, men sigeren var aldri særleg trua.

VIL2 - Hafslo 1-1 (Ivar)

* Den venta knokkelkampen mot erkefienden Hafslo vart ingen stor kamp. Lågt tempo og dårleg utnyttig av sjansar frå begge lag gjorde at det var poengdeling. Hafslo scora fyrst, men VIL utlikna like etterpå av Ivar.

VIL2 - Syril 0-1

* I likhet med 1.laget måtte VIL2 vinna sin siste kamp for avansement. Dette klarde dei ikkje då dei tapte 0-1 i ein meget jamn kamp. Nok ein gong klarde ikkje laget og utnytta sjansane, og dermed vart det tap 1-0 og på hove og røvi ut av turneringa.

Årdal vann gruppa klart, med Syril på andreplass. Hafslo kom på 3., og VIL2 måtte ta til takke med 4.plass. Sogndal4 enda sist.

Alt i alt var det meget bra innsats ifrå Veitastrond i denne turneringa, og me tykkjer me kan gå med heva hovud. Me var fullt på høgde med alle laga me møtte i dag, og med litt meir marginar vår veg kunne begge laga komme seg vidare. Uansett var dette ei positivt erfaring og ta med seg inn mot sesongen 2008.

Fjøra 1 vann KM

Fjøra 1, som vann 3-1 mot VIL1 i fyrste kamp, vart til slutt vinnar av turneringa. Dei krusa igjennom det meste og krona det heile med 5-0 siger mot Høyanger i finalen.

Dei stikk dermed av som vinnar kr 7.500,-

VIL-fotball gratulerer fjørene med sigeren.

Fleire bilder ifrå KM kan du sjå HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com