|
Veitastrond Fotball på nåler
Etter at både Veitastrond og Førde 2 vann sine kampar på søndag så ligg alt no til rette for eit klimaks av ei avslutning i botn av årets 4.divisjon. Ein stakkars kamp gjenstår for kvar av dei to laga og dei står no på lik poengsum og målsklinadar på henholdsvis -22 og -23 i VIL sin favør. På fyrstkommande søndag tek VIL turen for å spela borte mot Askvoll/Holmedal, medan førdianarane skal stad å måla krefter mot Lærdal. Utgangspunktet er ganske likt for dei to laga der begge har bortekampar mot lag på nedre halvdel av tabellen. Det er no eller aldri for Veitastrond dersom det skal bli 4.divisjonsspel på Leikvoll til neste år òg...
Føre siste kamp ser tabellen slik ut i botn av 4.divisjon;
|
LAG |
MÅL |
POENG |
| 9. |
Askvoll/Holmedal |
-12 |
21 |
| 10. |
Veitastrond |
-21 |
18 |
| 11. |
Førde 2 |
-22 |
18 |
| 12. |
Eid 2 |
-53 |
11 |
For Veitastrond sin del er utgangspunktet eigentleg såre enkelt. Dersom me får eit betre resultat enn Førde 2 på søndag så beheld me plassen. Me kan til og med tillata oss å vinna med eit mål mindre, eller tapa med eit mål meir, og likevel behalda plassen då me i praksis har 2 pluss mål betre grunna at me har scora fleire enn Førde 2.
I tillegg skal det seiast at dersom Veitastrond vinn med 5 mål mot Askvoll/Holmedal vil me gå forbi dei på tabellen, men det er nok ikkje dette me fyrst og fremst siktar oss inn på. Uansett er det nok til fordel Førde 2 at Veitastrond møtet eit lag som faktisk har noko å spela for, medan førdianarane møtet eit Lærdal lag som ikkje har noko som helst å spela for. Me set vår lit til at lærdølene tek kampen mot Førde 2 seriøst og at dei er med på at Veitastrond sikrar plassen.
11.plassen kan gje fornya kontrakt
Det laget som etter kampane på søndag endar på 11.plass treng ikkje å grava seg ned...i allefall ikkje med ein gong. Det er nemleg slik at opprykk og nedrykk nedover i divisjonane er avhengig av om det laget som vinn Firdaligaen (3.div) klarar å rykka opp til 2.divisjon.
Før siste kamp leiar her Førde med Tornado/Måløy hakk i hæl. Den av dei to som vinn divisjon skal ut i kvalifisering mot vinnaren av 3.divisjon i Buskerud som er Birkebeineren. Dersom laget frå Sogn og Fjordane vinn denne kvalikken og rykker opp til 2.divisjon vil berre eit lag rykka ned frå Firdaligaen til 4.divisjon, det samme vil skje i 4.divisjon der berre Eid 2 på jumboplassen vil gå ned til 5.divisjon.
Dermed lyt me berre kryssa fingrane for Førde eller Tornado/Måløy dersom me skulle komma på den utsatte 11.plassen.
Det vert uansett ei nervepirrande veke for Veitastrond Fotball og fram til kampane er ferdigspelt må me finna oss i å gå på nåler av sitrande spaning.
|