Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Skavøypoll er flytta til Sognahallen

Grunna dårleg vær og snø på Leikvoll Stadion er det no bestemt at morgondagens kampt mellom Veitastrond og Skavøypoll vert flytta til Sognahallen i Sogndal.

Dermed vert det fyrste gong i vår historie at me må flytta ein haustkamp på heimebane grunna snø. Banemannskapet har gjort det dei kunne i dag, og det vart handla inn både singalraud spray til banemerking og oransje ballar, men dette er no levert tilbake.

Det er nok det beste for alle partar at kampen no skal gå innandørs. Ein kamp på Leikvoll i morgon ville vorte utriveleg både for spelarar, dommarar og ikkje minst publikum. Dessutan ville me ha risikert at folk at hadde køyrt fram på Veitastrond med sommardekk og dette ville vore uforsvarleg. Skavøypoll kan dermed gleda seg over at dei får ein times kortare reisetid, men får samstundes ikkje gleda av å oppleva stemninga på Leikvoll Stadion.

Dersom ein ser på bilda nedanfor så skjønar ein nok kvifor det blir som det blir. Fyrste bilde viser Leikvoll slik den ser ut nett no, medan andre bilde syner hovudtrenar og banemann i samtale - truleg var det her dei tok avgjerdsla om å flytta kampen...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com